Hei :)
Me skal i gang med å pusse opp gammelt hus/hytte som ligg ved vannet, og treng litt hjelp med fargesamansetjing. På soveromma blir det lagt ferdigmalt panel i taket og smartpanel på nesten alle vegger pga svært stygge tømmervegger. (Eggkvit el. eggskall/bomull). På alle golv har vi planar om å legge Texline Grey Pecan. Passar den til eggkvit/skall?
På dei øvrige veggar i huset kunne eg tenkt meg ein fin lys, varm gråfarge. ( Må ikkje skine i rosa!!!!!) Evt ein grå- beige farge. I stova er det gammal brun tømmer som vi er usikker på kva vi skal gjere med. Mulig vi beheld den sånn som den er, men da må sjølvsagt fargen på øvrige veggar passe til tømmeret. Må kanskje legge brystningspanel (som vi maler el. beiser?) pga skadar på nederste halvdel av tømmeret. Golvet i stova kan slipast ned og beisast. Golvfarge som passar til Texline Grey Pecan?
Har du forslag til farge valg på dørane? Syns det er svært viktig at alle fargar harmonerar. Skal også ha ny trapp til loft etasjen. Forslag til trappetrinn?
Vart mange spm dette, men set all mi lit til dykk.
Håpar på snarleg svar, for snikkarane står klar om eit par veker :)
Mvh Ruth